Elin på samlinger

Treningstur til Gran Canaria 14 -21 jan
Fantastisk herligt å koma ned til varmen, ta fram racerèn, og igjen få lange turar i fjella i "kort-kort"!! Vinteren blir langt kortare med eit slikt avbrekk og det gjør veldeg godt på treninga med nokre skikkeleg gode langturar!!:-)) Dagane blei utnytta godt til trening og kveldane til avslapping!! Eg budde denne gangen i Mogan som er eit flott utganspunkt både for sykkel og løpeturar i fjella, og som i tillegg har ein roleg og avslappa atmosfære som gir rom for å "lade batteria" etter ein hard treningsdag!!:-) I løpet av 6 dagar fekk eg 35 timar trening totalt, mesteparten på sykkel men og litt svømming og løp!! Er godt fornøgd med turen!!:-) Dersom eg er heldeg greier eg kanskje å "lure inn" ein tur til til varmare strøk før sesongen!!:-)

Triathlonsamling for damer, Bergen 3-5 feb
I helga var eg på triathlonsamling i Bergen i regi av BTC. 37 spreke damer var samla for trening og drøs!!:-) Tydeleg at dette miljøet er sterkt voksande og at mange andre òg er nygerrige på denne flotte sporten!! Helga innehaldt  2 svømmeøkter, 2 løpeøkter, spinning, basistrening og yoga i tillegg til ulike føredrag og sosial middag på kvelden. Eg hadde ansvar for spinningtimen, veldeg kjekt å innta denne rolla etter gamalt. Eg var spinning instruktør for 5 år sidan, men har dei siste åra kun hatt fokus på "eiga trening", så her måtte eg børsta støv både av gamle plater og gamle "evner"!! Det blei ei svært så vellykka helg med mykje god trening og ikkje minst mange nye bekjentskapar med spreke damer med same interesser som ein sjølv!!

Mvh Elin

SKI

Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner

Få de siste nyheter i din innboks!

Navn:

E-post:

Porsgrunn Sykkelimport AS

Butikknavn: Porsgrunn Sykkelimport AS
Organisasjonsnummer: 989015370
Adresse: Storgt 181
Poststed: 3915, Porsgrunn
Telefon: 35550863
E-post: erik@porsgrunnsykkel.no
//BOF Google Analytics //EOF Google Analytics